Også politiet tok utfordringa på strak arm og fekk teste HLR på babydokke.
04.10.2025 John Petter Svedal
I løpet av dagen hadde Leikanger Røde Kors stand saman med Sivilforsvaret, Redningsselskapet, Politiet og Sogn Brann og Redning. Målet var å vise fram utstyr, kompetanse og samhald i beredskapsmiljøet. Røde Kors stilte med både snøscooter og ATV-ar, og demonstrerte Starlink-satellittbreiband – eit viktig verktøy i område med dårleg mobildekning, og når mobilnett eller internett er nede. Publikum fekk òg prøve seg på hjarte- og lungeredning på elektroniske førstehjelpsdokker, der resultata vart viste direkte på skjerm. Også politiet tok utfordringa og viste kor flinke dei er til å redde liv. Det var kjekt å bli betre kjent med dei andre beredskapsetatane og dele erfaringar. Slike dagar styrkjer samarbeidet og gjer oss alle betre førebudde. Leikanger Røde Kors takkar for eit godt samarbeid med alle beredskapsetatane og Opplev Leikanger.